Arbeid er avgjerande for å kunne flytte, uansett om du skaper din eigen arbeidsplass eller får jobb hos andre. 

Nord-Gudbrandsdal har ein variert arbeidsmarknad, med mange moglegheiter. Her arbeider det ingeniørar, gardbrukarar, økonomar, helsearbeidarar, fotografar, webdesignarar, programmerarar og så vidare. Lista er lang! 

Likevel kan det ta lengre tid mellom kvar ledige stilling her i regionen enn i storbyane. Om du slit med å finne relevant arbeid kan du ta kontakt med oss, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan. 


Ledige stillingar i regionen

Nedanfor finn du dei stilingane i regionen som ligg ute på NAV sine sider for augneblinken. 

Du kan eventuelt finne fleire ledige stillingar på Finn.no. 

 

 
Foto: Cathrine Dokken / Brimibue

Foto: Cathrine Dokken / Brimibue

 

Bedrift til sals

Grøn tråd - EIn triveleg økologisk landhandel

Grøn Tråd på Otta ynskjer å selge bedrifta si. Nisjebutikken sel kortreist, rein og helst økologiske daglegvarer, og organiserer sosiale treff der ein kan dele miljøvenlege råd og tips. Butikken har trivelege lokaler midt i Otta sentrum. Prisen har drivarane Randi Bjørnstad og Trude Lyngby sett til 100 000 kr, og dei kan om ønskjeleg bistå med opplæring og gode råd.

Stikk innom butikken eller ring tlf: 900 58 159. Dei har eiga Facebookside og nettstad.

 

Starte di eiga bedrift?

Om du ikkje finn den jobben du leitar etter, kan Nord-Gudbrandsdal vera ein eigna plass for å starte di eigen arbeidsplass. Lave boliglån og billige næringstomter kan gjere det enklare å få råd til å starte sitt eige selskap. God infrastruktur og kommunikasjon gjer det enkelt å selje produktet eller tenesten også utanfor Nord-Gudbrandsdal. 

Kommunane bistår deg i prosessen, og kan gje råd om kvar du kan søke om støtte. 

Skåppå Kunnskapspark er etablert for å hjelpe deg i oppstarten eller vidareutviklinga av selskapet ditt. Ta gjerne kontakt med dei. 

Kontorfellesskap?

Kanskje har du allereie di eiga bedrift, men ønsker å sitte saman med andre? Det er fleire hubar og kontorfelleskap i Nord-Gudbrandsdal, der du kan leie fulltids- eller deltidsplassar for ein rimeleg penge. Da får du sitte saman med andre arbeidsame og kreative hovud i regionen. Kven veit, kanskje det dukkar opp nye forretningsidear? 


Kontorfellesskap i regionen

Skjåk

Smiu: Mail smiuskjak@gmail.com, tlf. 995 90 792

 

Lom

Murgarden: Magnar Mundhjeld - tlf. 901 09 159. 

Kompetansesenteret på Norsk Fjellsenter: Mai Bakken - tlf. 971 80 469. 

 

Vågå

Vågå Næringshage: Kjærsti Gangsø - tlf. 958 98 278

Vågå Næringspark: Kjetil B. Løkken - tlf. 908 70 332

BETA: Kaja Vik - Tlf. 916 44 830

Sel

HUB Otta: Tor Haugstulen Jervell - tlf. 996 22 992

 

Dovre

Trollhub: Maria Kampesæter Kleiven - tlf. 476 19 145. 

Dombås Veksthus: Øyvind Frich - tlf. 900 98 887

Posthuset: Øystein Killi - tlf. 941 74 236

Dovre kommune disponerer også ledige lokaler i fabrikklokalene i Romsdalsvegen 120, med muligheter for utleie av næringslokaler. Kontakt Næringssjef Inge Angård - tlf. 915 20 863. 

 

Lesja

Tårnbygget  Bjorli: Per Nordsletten - tlf. 911 97 697

Veksthuset Lesja: Lesja Kommune - tlf. 61 24 41 00

33994016_10156255043701221_5757642344505540608_n.jpg

Leitar du etter arbeid?

Om du er på jakt etter arbeid og ikkje finn det du leitar etter, kan du ta kontakt med oss. Vi vil hjelpe deg så godt vi kan, og prøve å finne den jobben du ønsker.  

Leitar du etter arbeidskraft? 

Ta kontakt med oss! Vi blir ofte kontakta av fleire som er ute etter arbeid, og kan sette deg i kontakt med relevante arbeidssøkande. Vi kan og hjelpe deg med å spre bodskapet. 


Eksterne lenker


Stillingssleppet i Nord-Gudbrandsdal

Stillingssleppet er eit samla slepp av ledige stillingar i regionen. Målet med sleppet er tredelt:

  • Synleggjere mangfoldet av stillingar i regionen.

  • Bidra til at det regionale næringslivet når ut til fleire potensielle arbeidstakarar, både regionalt og nasjonalt, slik at dei får ein større søkarmengde.

  • Tilrettelegge for at par eller familiar som ønsker seg til regionen finn jobb begge to.

I det siste Stillingssleppet var det heile 170 ledige stillingar med, der dei aller fleste var faste stillingar. Vi fekk god synlegheit og omtale i sosiale medier, nasjonale aviser og andre kanalar for dette sleppet. Dette gav utslag i antal besøkande på heimesida vår.

Vi håpar dette bidreg til at vi får mange gode søkarar til dei ledige stillingane, og at folk ser kor mykje forskjellig ein kan arbeide med i regionen vår!

Har du spørsmål? Ikkje nøl med å kontakte OSS.

Sirkel graa.jpg