Sirkel graa.jpg

For tredje år på rad gjennomførast Stillingsleppet i Nord-Gudbrandsdal.

Stillingssleppet er eit samla slepp av ledige stillingar i regionen. Målet med sleppet er tredelt:

  • Synleggjere mangfoldet av stillingar i regionen.

  • Bidra til at det regionale næringslivet når ut til fleire potensielle arbeidstakarar, både regionalt og nasjonalt, slik at dei får ein større søkarmengde.

  • Tilrettelegge for at par eller familiar som ønsker seg til regionen finn jobb begge to.

I 2017 var det over 100 ledige stillingar i Stillingsleppet, og vi håpar på like mange i år.

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal vil bruke mykje tid og ressursar på å marknadsføre sleppet, gjennom sosiale medier, ulike nettsider og media.

Tenesten er sjølvsagt gratis!

Vi oppfordrar alle bedrifter og kommunale verksemder, som har ledige stillingar eller veit at dei snart skal lyse ut stillingar, til å registrere dei på Stillingssleppet. Gjennom sleppet vil dei få auka oppmerksomheit, i tillegg til at dei bidrar i eit viktig prosjekt for arbeidslivet og sysselsettinga i regionen.

Siste frist for å registrere stilling er tysdag 27. november.

Trykk på lenka lenger oppe for å registrere di stilling.

Det er mogleg å logge inn og endre stillinga di fram til fristen den 27. november, om du ønskjer det.

Om ei stilling registrerast på Stillingssleppet, bør den ikkje lyses ut før den 11. desember. Søknadsfristen bør vera minimum to veker etter sleppet den 11. desember.

dato for Stillingssleppet 2018 er Tysdag 11. desember

Les meir om stillingssleppet her.

Har du spørsmål? Ikkje nøl med å kontakte prosjektleiar Ida Amble Ruge, tlf. 48154662!


 Foto: Cathrine Dokken / Brimibue

Foto: Cathrine Dokken / Brimibue

Arbeid er avgjerande for å kunne flytte, uansett om du skaper din eigen arbeidsplass eller får jobb hos andre. 

Nord-Gudbrandsdal har ein variert arbeidsmarknad, med mange moglegheiter. Her arbeider det ingeniørar, gardbrukarar, økonomar, helsearbeidarar, fotografar, webdesignarar, programmerarar og så vidare. Lista er lang! 

Likevel kan det ta lengre tid mellom kvar ledige stilling her i regionen enn i storbyane. Om du slit med å finne relevant arbeid kan du ta kontakt med oss, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan. 


 Ledige stillingar i regionen

Nedanfor finn du dei stilingane i regionen som ligg ute på NAV sine sider for augneblinken. 

Du kan eventuelt finne fleire ledige stillingar på Finn.no. 

 

 

Starte di eiga bedrift?

Om du ikkje finn den jobben du leitar etter, kan Nord-Gudbrandsdal vera ein eigna plass for å starte di eigen arbeidsplass. Lave boliglån og billige næringstomter kan gjere det enklare å få råd til å starte sitt eige selskap. God infrastruktur og kommunikasjon gjer det enkelt å selje produktet eller tenesten også utanfor Nord-Gudbrandsdal. 

Kommunane bistår deg i prosessen, og kan gje råd om kvar du kan søke om støtte. 

Skåppå Kunnskapspark er etablert for å hjelpe deg i oppstarten eller vidareutviklinga av selskapet ditt. Ta gjerne kontakt med dei. 

Kontorfellesskap?

Kanskje har du allereie di eiga bedrift, men ønsker å sitte saman med andre? Det er fleire hubar og kontorfelleskap i Nord-Gudbrandsdal, der du kan leie fulltids- eller deltidsplassar for ein rimeleg penge. Da får du sitte saman med andre arbeidsame og kreative hovud i regionen. Kven veit, kanskje det dukkar opp nye forretningsidear? 


Kontorfellesskap i regionen

Skjåk

Smiu: Mail smiuskjak@gmail.com, tlf. 995 90 792

 

Lom

Murgarden: Magnar Mundhjeld - tlf. 901 09 159. 

Kompetansesenteret på Norsk Fjellsenter: Mai Bakken - tlf. 971 80 469. 

 

Vågå

Vågå Næringshage: Kjærsti Gangsø - tlf. 958 98 278

Vågå Næringspark: Kjetil B. Løkken - tlf. 908 70 332

BETA: Kaja Vik - Tlf. 916 44 830

Sel

HUB Otta: Tor Haugstulen Jervell - tlf. 996 22 992

 

Dovre

Trollhub: Maria Kampesæter Kleiven - tlf. 476 19 145. 

Dombås Veksthus: Øyvind Frich - tlf. 900 98 887

Posthuset: Øystein Killi - tlf. 941 74 236

Dovre kommune disponerer også ledige lokaler i fabrikklokalene i Romsdalsvegen 120, med muligheter for utleie av næringslokaler. Kontakt Næringssjef Inge Angård - tlf. 915 20 863. 

 

Lesja

Tårnbygget  Bjorli: Per Nordsletten - tlf. 911 97 697

Veksthuset Lesja: Lesja Kommune - tlf. 61 24 41 00

33994016_10156255043701221_5757642344505540608_n.jpg

Leitar du etter arbeid?

Om du er på jakt etter arbeid og ikkje finn det du leitar etter, kan du ta kontakt med oss. Vi vil hjelpe deg så godt vi kan, og prøve å finne den jobben du ønsker.  

Leitar du etter arbeidskraft? 

Ta kontakt med oss! Vi blir ofte kontakta av fleire som er ute etter arbeid, og kan sette deg i kontakt med relevante arbeidssøkande. Vi kan og hjelpe deg med å spre bodskapet. 


Eksterne lenker