Foto: Tom Gustavsen

Foto: Tom Gustavsen

Tormod Sperstad - Digital marknadsførar

Eg er opprinneleg frå Skjåk, og har budd i Skjåk sia vi kom attende til heimbygda i 1998. Her bur eg saman med kone og tre barn. Eller for å vera heilt presis: Dei to eldste er fløtt heimefrå, difor er det berre yngstemann på 13 som er heime saman med oss – i alle fall til kvardags.

Eg arbeider som digital rådgjevar og avdelingsleiar i markedsføringsbyrået DMT i Skjåk. Behovet for tenestene vi tilbyr er aukande, og vi har nyleg tilsett to nye medarbeidarar i Skjåk. Vi ser heller ikkje bort frå at det kan bli fleire, og er alltid opne for å bli kontakta av bra folk!

 

Digital marknadsføring er eit fag som er i endring støtt, og opptek meg store delar av døgnet. Men når eg har skikkeleg fri, er det gjerne musikk som tek mykje av tida. Enten som hobbymusikar, eller sitjande i godstolen framfor plåtespelaren. Eg er også svært glad å stå og lage god helgemat over eit vinglas saman med kona Lissa, ein bytur med mat og konsert, og sykkelturar på grus og asfalt.

Det var etablering av familie som er grunnen til at vi bur der vi bur. Vi gjorde eit bevisst val da vi venta fyrstemann, og valde Skjåk utelukkande fordi vi ville koma så nær familien som mogleg. Det var ikkje noko vi frykta, eller tenkte på som spesielt negativt, da vi flytta attende. I dag, nå som fleire av ungane er på god veg ut av reiret etter å ha vakse opp i Skjåk, har vi fått våre erfaringar på godt og vondt. Ja, Nord-Gudbrandsdal er på mange måtar eit flott område å vekse opp i, men som alle stader er det positive og negative sider.

Den største fordelen med å bu her, slik det har vore for oss, er nærleiken til familien. Ut over det, vil eg nok seie at trygge oppvekstomgjevnader er noko av det mest positive. Naturen blir jo alltid trekt fram som det heilt unike, men er det så mykje likare her enn mange andre plassar? Det er og nokre perler av trivelege matplassar i distriktet vårt. Start i den eine enden, til dømes i Skjåk, og finn favoritten din ved å ta ei kulinarisk norddalsrunde.

Som musikkinteressert saknar eg verkeleg lett tilgang til ei god konsertscene. Det er langt frå Skjåk til Oslo – spesielt når kollektivtilbodet her er bortimot fråverande.

Ein typisk kvardag for meg tek til med at eg syklar til kontoret. Deretter går det slag i slag for gode kundar. Etter middag med familien kan det bli litt musikk, eller litt ekstrainnsats for å halde seg oppdatert jobbmessig. Ein kveld i veka har eg også undervisning for elevar som studerer digital marknadsføring ved NYA/Høyskolen Kristiania. Tek gjerne ein sykkeltur om eg kan, og må nok innrømme at det er godt å duppe av i sofaen når det lir eit godt stykke utpå kvelden.

Med vaksne ungar er det oss foreldre som er fyrst oppe når det er helg. Om vi kan, prioriterer vi lang morgonkaffe. DET er prioritert helgeluksus som gjerne blir fylgd av ein trimtur. Elles likar vi å berre ”vera” når vi har fri, og ta helgedagene som dei kjem.

Det er alltid likesinna å finne. Det er berre det at du gjerne må leite litt ekstra for å finne dei her dersom du har interesser som ikkje fell naturleg inn i kategorien ”sport og friluftsliv”. Kom deg mest mogleg ut blant folk, og ta ein jobbdag i eit av fleire gode jobbkollektiv som vi har i distriktet frå Skjåk og Dombås i vest til Otta i aust.

Det er liv laga i Nord-Gudbrandsdal, og eg trur mykje av nøkkelen ligg i å størst mogleg grad lyfte fram dei positive røystene. Det må vera lov å byggje både kulturhus, flotte, nye skular og alpinanlegg med gondolbane utan at trolla skal stikke seg fram med det same idear blir lufta.

Samstundes meiner eg det er veldig viktig for regionen å vera realistiske når dei skal marknadsføre distriktet. Vekk med overdrive bruk av fotofilter og reklametekster som er så lyriske at det grensar til det banale.  Jada, her det mykje flott natur og frisk luft. Men skal ein få langsiktig vekst der tilflyttarar faktisk blir verande, meiner eg vi må få litt mindre glansbiletemarknadsføring. Det er viktig å vera realististisk!  

IMG_6436 (1).jpg

HAR DU SPØRSMÅL TIL Tormod OM LIVET I NORD-GUDBRANDSDAL?

Telefon: 482 99 802

Mail: tormod@dmt.no