Garden sett frå sør-aust med fjøs, bolighus og uthus. Utsikt vestover inn i Jotunheimen.

Garden sett frå sør-aust med fjøs, bolighus og uthus. Utsikt vestover inn i Jotunheimen.

Solli - Synslivegen 142,  2683 Tessanden

Fjellgarden Solli i Vågå er tilgjengeleg for leige! Den vesle garden ligg idyllisk plassert, 11 minutters køyring frå Vågåmo sentrum, på veg mot Randsverk og Valdresflya.

Bolighuset

Bolighuset



Garden ligg luftig, men skjerma til. Den er vestvendt med god utsikt mot Jotunheimen.

Garden består av eit hus frå 1951, to uthus som er brukt til overnatting, og fjøs.

Tomta er på totalt 17 mål.

Huset er på omlag 90 kvadratmeter. Den er i god stand, med innlagt strøm, vatn og avløp.

Fjoset var brukt på kyr og sauer fram til 1963, med plass til omlag 10 dyr. Sidan det ikkje har vore brukt som fjøs på nokre tiår, må det oppgraderast og tilpassast ein del for å kunne brukes til dyrehold i dag. Dette må i tilfelle bli etter avtale med eigar.


10747334400_IMG_1399.jpg

ER DU INTERESSERT?

For meir informasjon om hus, pris og utleige, ta kontakt med eigar:

Steinulf Kleiven , telefon 93 452 347 eller

prosjektansvarlege Ida Amble Ruge / Stian Høglien.