mandal, leiar i lom il.JPG

Stig Roar Mandal - landoppmålar i Lom kommune

Hei!

Eg er eigentleg frå Steinkjer, men fløtte til Nord-Gudbrandsdal for nokre år sidan. Kona mi er frå Lom, og staden og fjella rundt gjorde det til eit enkelt val å busetja seg her. No bur vi her med dei tre gutane våre på to, fire og seks år. Eg arbeider som landmålar i Lom kommune, og er koordinator for geodatasamarbeidet i Nord-Gudbrandsdalen. I tillegg er eg leiar for Lom IL. Eg spel fotball, og elles går det stort sett i jakt og friluftsliv når eg kan.

Då vi fløtte hit, var eg redd for å sakne byen, og vera langt unne «alt». Eg tenkjer ikkje stort på det i dag, men ein merkar jo at det av og til er tungvindt å få tak i enkelte ting dei ikkje har i butikkane her. Men avstandane blir og mindre betydelege, så der det før var eit tiltak å køyre 10 km er det no ein svipptur å køyre 60 km til Otta.

Det er mange som seier at det ikkje er så enkelt å komme inn på folk her, men om ein engasjerer seg sjølv er det mykje enklare. Eg starta på fotball så eg vart fort kjend med den gruppa og etter det gjekk det slag i slag. Om du ikkje har ein hobby  som gjer at du  møter lokalbefolkninga på deira heimebane trur eg nok det er vanskeligare, men det er det vel alle stadar.

Ønskjer du å bli kjent med dei lokale bør du delta på noko lokalbefolkninga arrangerer – det kan vera idrett, turar, kulturarrangement og liknande. Og ikkje minst – meld deg som friviljug! Bli med som fotballtrenar eller oppmann eller festvakt eller i eit styreverv i eit lag eller ei foreining. Det treng ikkje føre til mykje arbeid men er ein billig inngangsbillett i nye kretsar. Det er nok mindre forskjell på bygd og by no enn det var før. Dei fleste er ganske urbane i dag sjølv om dei ikkje bur i storbyen, det er berre at her er det vanlegare å møtas på fjellet for å ta ein kaffi.

Kvardagen er veldig vanleg: Få ungane til barnehage og skule, arbeid på dagtid, middag, leik og kveldsmat med familien, så anten trening, møte eller roleg kveld på sofaen. Helga går som regel med til litt fiksing på hus og eigedom, elles er det leik eller fjelltur med familien.

Det beste med å bu her er det barnevenlege sentrumet og enormt gode turmoglegheiter. Alle snakkar om Galdhøpiggen, Glittertind og Besseggen – men det er mange korte og lange turar som er minst like fine. Gjer litt research, det er mange fine grusvegar som tek deg til fjellområdar der du kan få minst like fine opplevingar utan å måtte "gå i kø". Men det skal seiast - sjølv om det er utruleg fint å bu her, hender det at eg saknar tilgangen på rockekonsertar, XXL og kebab.  

Ei utfordring i regionen er befolkningsreduksjonen og tilgangen på arbeidsplasser. Målet må jo vera å ha nok arbeidsplassar til at innbyggjarane slepp å flytte ut av bygda for å få seg arbeid, samt at dei som har vore ute og studert kan få seg arbeid og flytte heim igjen. Arbeidsplassar er essensielt for å stoppe befolkningsnedgangen. Eg trur at om vi kan få ein stabil heilårsturisme vil vi vera meir attraktive for etablering av nye arbeidsplassar både innafor turistnæringa og utafor. Da dukkar det fort opp mange moglegheiter!

2017-02-27 14.37.57.jpg