Galdhøpiggen sommarskisenter

Om du er over snittet glad i å køyre ski eller snowboard, har du moglegheiter til dette året rundt i Nord-Gudbrandsdal. Galdhøpiggen sommarskisenter er blant dei få sommarskisentra i Noreg, med stor pågang gjennom heile sesongen. 

Anlegget har twintip- og snowboardcamper på sommaren, med ein fenomenal park som tilrettelegg for mykje leiking. I tillegg har dei områder for alpinistar, og skikøyrarar som berre vil kose seg på ski i sommarhalvåret.