Foto: Jan-Stefan Knick

Foto: Jan-Stefan Knick

Ove Nestvold - Fotograf og fjellførar i Aktiv i Lom

Hei, eg heiter Ove! Eg er født og oppvakse i Bøverdalen i Lom. Eg jobbar rundt 60 prosent som fjellførar i Aktiv i Lom, og er fotograf og «alt mulig mann» på si. Etter tre år på skigymnas på Oppdal, tok eg ein bachelor i reiseliv på Høgskulen i Sogndal.

På fritida er det jakt og skyting som har vore det største fritidssysselet dei siste åra. Eg og sambuaren har og to hundar, Alaskan Malamute, som helst vil på tur så ofte som råd. Tidlegare var eg svært aktiv på ski, og konkurrerte mange år i frikøyring. Det blir fortsatt mykje ski, men ikkje like mykje som før. Har og drive litt med klatring/buldring og stisykling. Kan vel seiast å vera typen som går «all in» når ein driv med noko, så eg har ofte intense periodar med fokus på ein hobby.

Eg trivst godt i Bøverdalen, og er så heldig at eg har såpass med jobb at eg kan livnæra meg her heile året. Oktober til mars er ganske rolege i fjellføringsbransja, enda, så i denne perioda tek eg på meg det meste. Ein kan ikkje væra kravstor til jobb vinterhalvåret, om ein skal prøve å leva av fjellføring.

Eg likar godt nærleiken til naturen og roen eg finn her. Kanksje med unntak av midt på sommaren. Eg kan enkelt gå utanfor døra og vera midt i skogen utan ein lyd på nokre minutt. Eg har og kort veg til høgfjellet. Å kunne ta seg ein fjelltur på sparket ein ettermiddag, og kun måtte køyre 10-15 min i bil er heilt fantastisk. Eg er ikkje så glad i å planlegge fritida mi, så dette kjem ofte til nytte.

Vi har store kontrastar gjennom året. Vinteren er kvit og kald. Om våren kan ein gjera «alt» då det er skiføre på fjellet å badetemperaturar i bygda. Sommaren er grøn og frodig og hausten er fargesprakande og frisk. Alle sesongar har sin sjarm.

Ei typisk helg er ein typisk kvardag for meg. Som regel er eg alltid på jobb i helgene, det er ofte da folk vil på tur. Men om eg har ein fridag eller to, så dreg vi ofte på tur, kanskje berre nokre kilometer i lågfjellet og søv i telt eller hengekøye. Det å berre gå fem minutt frå bilvegen og sove i hengekøye, eller brenne bål, er kankskje ei av dei mest undervurderte formene for friluftsliv. Ein treng ikkje gå så langt for å kosa seg i naturen. Og sidan eg går så mykje på jobb, så er det ikkje alltid eg er så gira på å gå langt når eg har fri.

 Foto: Sara Storevik Moe

Foto: Sara Storevik Moe

Kvardagane er noko sesongavhengig. I sommarhalvåret  startar ofte dagen med frokost og nistesmøring, før eg pakkar ferdig sekken for dagens tur. Eg møter som regel gjestane mellom 09.00 og 10.00 og dreg på tur med dei. I april/mai på ski, og i juni-september til fots. Ofte går turane på sommaren til Bøverbrean for brevandring, Dumdalen for grottevandring eller Galdhøpiggen. Om våren er vi mykje på ski i området Leirdalen/Sognefjellet. Når eg kjem heim er det om å gjera å få hengt opp klede og tørka sko/klatresele/andre ting, så alt er klart til neste dag. Etter middag gror eg forholdsvis ofte fast i sofaen framfor tv-en.

Om du blir tiltrekt livet i bygda av ymse grunnar så er det garantert likesinna som har dei same interessene og er her av same grunn. Og det er enkelt å blir kjend med folk her om du ønskjer. Utanfor hovedsesongen er det hovudsakleg berre att lokale som jobbar overalt. Då treff du dei i kvar ein butikk. Eller på tur. Du må berre ta kontakt!

Ein treng ikkje eit stort nettverk, der store delar eigentleg berre er bekjente. Eit lite men tett nettverk med nære venner trur eg er viktigare. Og desse finn du like så lett i bygda som i byen, kanskje til og med lettare her som «alle kjenner alle».

Eg saknar kanskje litt meire jobbmoglegheiter her. Eg trivst utruleg godt som fjellførar, men enno er ikkje dette ein heilårsjobb. Eg veit og om fleire som nok kunne tenkja seg å flytta heim, men som ikkje får seg jobb som gjer dette mogleg. Eg skulle ønskje vi hadde ein eller fleire arbeidsplassar som trengte mykje folk i vinterhalvåret, slik at mange av sesongarbeidarane kunne vore her heile året. Da hadde vi fått fleire fast busette, om det var jobb heile året. For det er definitivt ikkje mangel på arbeidsplassar i perioden 1. juni til 15. september.

Å utvikle området bedre for turisme heile året er nok og noko vi bør arbeide saman om. Ein betre distriktspolitikk frå sentralt hald hadde nok heller ikkje gjort noko, så ein bør nok tenkje litt på det før ein stemmer ved neste valg om ein vil at bygdene skal få leva.

Tilgjengelegheit er viktig, og eg trur vi har ein jobb å gjera med tanke på kollektivtransport og korrespondanse. Og då meiner eg ikkje flyplass, det har eg ikkje trua på. Men til eksempel buss/tog. Sjølv drøymer eg om jernbane frå Otta til Voss (bergensbanen) via Lom og Sogndal, då hadde vi hatt eit skikkeleg kollektivtilbud heile året!

38213641_2006138956114760_8776139076597186560_n.jpg

Har du spørsmål til Ove om livet i Nord-Gudbrandsdal?

Telefon: (+47) 9162632

ovenestvold@hotmail.com

facebook.com/ovenestvold

instagram.com/ovenestvold