Det tredje Stillingssleppet

For tredje gong gjennomførast Stillingssleppet i Nord-Gudbrandsdal!

Gå inn på stilling.komtiloss.no for å registrere di stilling!

(Stillinga kan ikkje lysast ut før 11. desember, og søknadsfrist bør vera minimum to veker etter sleppet, den 11. desember).

100 ledige stillingar

Stillingssleppet er eit samla slepp av ledige stillinger i Nord-Gudbrandsdal. I 2017 var det over 100 ledige stillingar som vart sleppt samtidig. Gjennom Stillingsleppet ønsker vi å synleggjere mangfoldet av stillinger i regionen, og bidra til at bidra til at det lokale næringslivet når ut til fleire moglege arbeidstakarar.

I tillegg skal Stillingsleppet tilrettelegge for at begge partar i familiar eller par som ønsker å flytte til Nord-Gudbrandsdal, finn relevante jobbar som dei kan søke på. Dette aukar sannsynlegheita for at fleire fløtt hit. Vi veit allereie om flere tilflyttarar som fant sine jobbar gjennom Stillingssleppet i fjor, og som flytta til regionen på grunn av desse jobbene.  (Underteiknande er ein av dei!).

Regionrådet overtek ansvaret

Dei to tidlegare åra har Vågå kommune vore ansvarlege for gjennomføringen av Stillingsleppet. I år overtar Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal stafettpinnen. Dette tydeliggjer at sleppet gjeld for heile Nord-Gudbrandsdal. Ida Amble Ruge er prosjektleiar, og ho har store forventningar til både antal ledige stillinger og kva sleppet kan oppnå. Stillingssleppet er ei unik moglegheit til å nå ut til fleire arbeidstakere, både regionalt og nasjonalt. Vi har sett gode resultat dei førre åra, og håpar vi kan fortsette den gode utviklinga.

 Foto: Brimibue

Foto: Brimibue

Auka synlegheit

Ved å vera med på sleppet vil selskapa nyte godt av merksemda Stillingssleppet gjev dei, samtidig som at dei bidreg i eit viktig prosjekt for arbeidslivet og sysselsettinga i regionen. Regionrådet vil bruke mykje tid og ressursar på å marknadsføre Stillingsleppet, slik at så mange som mogleg ser det både regionalt og nasjonalt. Forhåpentlegvis vil fleire åpne augane for moglegheitar til å jobbe i regionen.

Ida oppfordrer bedriftar og offentlege virksomheiter, som har en ledig stilling og/eller planlegger å lyse ut stillinger, på det sterkaste til å bli med på Stillingsleppet. Bedrifter som veit at dei skal tilsette lenger fram i tid kan gjerne også vera med, og ha ein lengre søknadsfrist på stillinga.

Åpent for registrering

Det er allereie åpna for registrering av ledige stillingar, på www.komtiloss.no/arbeid. Det er mogleg å registrere ledige stillingar fram til tysdag 27. november. Sjølve sleppet skjer den 11. desember. Da vil dei fleste stillingane ha en søknadsfrist over nyåret, slik at fleire har moglegheit til å sjå og søke på stillingane i jula. Dette har gjeve gode resultater tidlegare.

Lurar du på noko?

Lurar du på noko om registrering av stillingar, søknad eller anna? Ta kontakt med prosjektleiar Ida Amble Ruge, så hjelp ho deg så godt ho kan :)