Endeleg er vi klare med oppgraderinga av komtiloss.no!

 

Basert på eiga erfaring er det mykje ein lurar på når ein vurderer å fløtte til ein ny plass: Kva kan eg arbeide med? Kvar kan eg bu, og kva slags aktivitetstilbod er det der? Kven bur her, og vil eg finne andre med same interesser som meg? Korleis er barnehage- og skuletilbodet? 

 

 Foto: Bjorli Høyt og Lavt

Foto: Bjorli Høyt og Lavt

Det kan vera vanskeleg å finne svar på alt om ein ikkje kjenner til regionen frå før. Derfor har vi laga denne sida, som vi håpar kan svare på dei fleste spørsmåla du sitt inne med. Målet er at sida gjev eit bilete av korleis livet i Nord-Gudbrandsdalen er, og vise andre at vi kan tilby det livet som så mange drøymer om. 

Nord-Gudbrandsdal er ein stor region, med eit stort og varierande tilbod i dei ulike kommunane. Vi viser difor til kommunanes eige sider for meir detaljert informasjon i fleire samanhenger. Er det noko du synest er mangelfullt, eller noko informasjon du saknar på sida sett vi stor pris på om du gjev oss beskjed. Da har vi moglegheit til å forbetre dei svakheitene vi ikkje ser sjølv. 

I tillegg til den faste informasjonen, vil det kome oppdateringer, artikler og saker om smått og stort i regionen, nyetableringer, folk som bur her eller anna. 

 Foto: Ida Amble Ruge

Foto: Ida Amble Ruge

 

Vi håpar vi kan forenkle valget ditt om å fløtte hit!