Stillingssleppet 2018: 150 nye moglegheiter i Nord-Gudbrandsdal!

ENDELEG er Stillingssleppet 2018 her! 11. Desember sleppes heile 150 ledige stillnigar i Nord-Gudbrandsdal.

toppbanner-tekst_2.png

Her er det noko for alle: Det er jobbar som sjukepleiar eller helsearbeidar, psykolog, ingeniør, anleggsarbeidar, tømrar/snekker, rørlegger, elektrikar, guide, hyttevert, barista, webutviklar og mykje, mykje meir.

Etablere eige bedrift?

Det kan og hende at nokon som ønskjer å kome hit ikkje finn sin jobb, eller helelr vil starte sitt eige selskap. Det er vi veldig positive til, og ønskjer å tilrettelegge for å gjere dette så enkelt som mogleg! Det er mellom anna mogleg å søke kommunane om etablerartilskot. Kommunane gjev og rettleiing inn mot det offentlege verkemiddelapparatet, som Innovasjon Norge.


Vi er stolte over årets Stillingsslepp og alt det byr på av jobbar i Nord-Gudbrandsdal!

Vi håpar at sleppet vil gje jobbmoglegheiter for både lokale og nye Nord-Gudbrandsdølar, og at bedriftene i regionen får mange gode søkarar. Med breid markandsføring både regionalt og nasjonalt, er vi spente på å sjå kor mange som fattar interesse for arbeid her hjå oss!

regrad_rod.jpg



Om du lurar på noko som helst om Stillngssleppet, arbeid eller anna, er det berre å ta kontakt med prosjektleiar Ida Amble Ruge, tlf. 48154662.