Nord-Gudbrandsdal fekk supergull, tre sølv og bronse i oste-VM!

Nord-Gudbrandsdal har lange mattradisjonar, og det er liten tvil om at det er mykje god mat å få her i regionen. Dette vart tydeleg under Oste-VM i Bergen førre veke, der Nord-Gudbrandsdal tok med seg eitt supergull, tre sølv og ei bronsemedalje!

 Avdemsbue si vellagra FJelldronning vant sylv!

Avdemsbue si vellagra FJelldronning vant sylv!


Brimi Gard & Sæter vant heidersprisen supergull for sin tre år gamle Seterost. Meieriet på Dovre oppnådde sølv for sin Fryd Brie Pepper, og Avdem Gardsysteri tok med seg to sølv og to bronse for sine ostar Bufast, Vellagra Fjelldronning, Huldreost og vanleg Fjelldronning.

Gratulerer til alle saman! Vi feirar med eit godt ostemåltid ;)


Les meir om dette i GD sin artikkel her.



 Ost frå Brimi seter vann supergull. Foto: Brimiseter.no

Ost frå Brimi seter vann supergull. Foto: Brimiseter.no