Foto: Trollbinde.no

Foto: Trollbinde.no

Marit Svanborg - gardbrukar og plan- og miljørådgjevar

Hei! Eg er tredje generasjon på gardsbruket Svanborg i Lesja,  og er ein attendefløtt lesjing. Etter fem år i Trondheim og eitt år på Hamar, gjorde nysgjerrigheit, eit ynskje om å fløtte attende samt tilbod om jobb som gjorde at eg kom attende til Lesja og Nord Gudbrandsdal. Eg hadde også ein kjæraste med eige møbelverksted på Lesja, men for å fløtte attende var det viktig å få ein relevant jobb etter fullført utdanning.

Eg har ein mastergrad innan geografi frå NTNU (5-årig lektorutdanning med master i geografi). Eg har jobba som lærar på vidaregåande skule tidlegare, og no jobbar eg som gardbrukar på Svanborg med 150 vinterfora sau, og som plan- og miljørådgiver i Lesja kommune. Eg jobbar også på møbelverkstedet Vidars Møbelsnekkeri som er drive av mannen min Vidar Amundstad og meg sjølv.

Kvardagen er det ein gjer det til sjølv uansett kvar du bur, men kvardagen i Nord-Gudbrandsdal er god, for liten og stor. Går ein innom på den lokale matvarebutikken stoppar ein opp å pratar med naboen og butikkfolket. Det er ekte, og ekte vare varer. For barnefamiliar vil eg framheve god barnehage, helsevesen og skule – dette er verkeleg i toppsjiktet, og det er mykje trivelege folk her!

Her er det så lett å dyrke friluftslivet, ta seg ein tur rett utanfor døra, nyte den friske lufta og dei små og store opplevingane. Det er også treningsstudio og kaffebar, trendy lokalmatutsal, kafear med meir. Eg liker friheita ved å ha god plass rundt meg, nært knytt til natur og friluftsliv, men samstundes at det er mykje tilbod innan idrett, musikkliv med meir. Det er også utallige moglegheiter til jakt og fiske. Eg er også glad i å reise, både innanlands og til utlandet, og det er både jernbane og bussforbindelser, men eg vil nok anbefale ein framtidig innbyggar å ha førarkort for å vere meir fleksibel i det lokale livet. Klimaet i Nord-Gudbrandsdalen har gode snørike vintrer og fine somrar, stabilt ver.

 Foto: Privat

Foto: Privat

Bygdene i Nord-Gudbrandsdal er ikkje berre tradisjonelle og passande for dei såkalla tradisjonelle yrka, dei er like mykje passande for grûnderar, for å ta med seg arbeidsplassen til bygda og dei fleste yrka for framtida er ikkje funne opp enda. 😊

 Eg håpar Nord-Gudbrandsdalen får mange nye innbyggjarar og spennande arbeidsplassar i åra framover. Her er det rom for alle! Eg har ikkje angra ein dag på at eg flytta attende etter endt utdanning, og eg håpar eg ser deg her!