Visit-Jotunheimen-FotoKnoff-Sven-Erik-Knoff-5944.jpg

Mari Arnøygard Wedum - Dagleg leiar av Visit Jotunheimen

Hei! Eg er Mari, og eg fløtte til Vågå for om lag eit år sidan. Eg er frå Øyer, og budde 13 år i Stavanger der eg utdanna meg til og arbeidde som journalist. I fjor vår vart saknet etter skikkeleg vinter og fjell i «hagen» såpass stort at eg, sambuaren og våre to gutar valde å teste ut bygdelivet etter mange år i byen.

Det er spesielt å flytte frå eit stort og solid venenettverk etter så mange år. Ein lyt våge å «byrje litt på nytt». Dessutan er eg glad i byens mange moglegheiter og tilbod. Det hender eg saknar byen, men det er betre å oppsøke byen ein gong innimellom i staden for å stresse seg ut av byen for å kome seg til fjells kvar helg. Nå har vi fjell og natur rett rundt oss – med moglegheit for stuttreist friluftsliv og skiturar i kvardagen. Eg saknar sjøen, men har nå fått friske fjellvatn, høge fjell og skikkelege årstider i bytte!

Eg var mykje i Vågå da eg var yngre, og kjente ein del folk frå før. Det er likevel spesielt å flytte frå eit stort nettverk og byrje på nytt. Her er det heldigvis mange likesinna folk på same alder som oss, og med ungar i barnehage, blir ein relativt fort kjent med folk. Sidan vi i stor grad flytta på grunn av interesser for natur og friluftsliv, treff ein fort på folk som er gira på det same.

Mitt beste tips er å kaste seg med på aktivitetar og arrangement. Der treff ein folk som driv med det same, og som brenn for dei same tinga. Det skjer ekstremt mykje i dalen. Eg diggar at det blir arrangert fjelløp, festivalar, konsertar, fjellturar osv.

 Foto: Pål Christensen 

Foto: Pål Christensen 

Ein typisk kvardag er likevel som den var i byen: Travle morgonar og ein hektisk arbeidsdag før ungane må hentast. Da må middagen lagast og på bordet fortast mogleg. Etter at ungane er i seng ved 19-tida er det dei vaksne si tid til rekreasjon. Sambuaren min syklar mykje, og eg spring, syklar eller trenar på treningssenteret. Det blir ofte til at vi stikk ut på skift.

Dei største fordelane med å bu her er at du har fjella og naturen rundt deg på alle kantar. Eg elskar at eg kan ta på meg joggesko heime, springe rett opp bak huset, og «plutseleg» vere til fjells. Dessutan har vi Jotunheimen og alle 2000-meterstoppane ein stutt køyretur unna, vi har dalar og fjellvatn og milevis med oppkøyrde skiløyper på Lemonsjøen om vinteren. Det er skikkeleg luksus, faktisk!

Dessutan bur vi «midt i Noreg» med relativt stutt køyreveg til både vestlandets fjordar og byane Trondheim og Lillehammer. Når du fyrst er her, er det eit enorm nettverk av naturstiar og flotte fjelltoppar rundt kvar ein sving. Du går aldri «tom for toppar» du kan bestige! Dessutan; trivelege boligprisar, gratis parkering, lite rushtrafikk og store hagar og friområde!

 Foto: Mari A. Wedum

Foto: Mari A. Wedum


Har du spørsmål til Mari om livet i Nord-Gudbrandsdal? 

Telefon: 99 64 17 84   Mail: mwedum@hotmail.com