Er du interessert i arbeid og ein plass å bu, lurar du på noko om regionen, eller ønsker du å bli kjent med lokalbefolkninga? Ta kontakt med oss om du lurar på noko som helst.

Vår prosjektleiar, Ida Amble Ruge, vil svare på spørsmåla dine, eller sette deg i kontakt med rett person. 

Telefon: 48154662

Mail: ida.amble.ruge@regionkontoret.no


Ønsker du å prate med enkeltkommunar, finn du kontaktinformasjon til næringsavdelingane nedanfor. 

Kommune        Mail                              Telefon

Skjåk                       Næringsavdelinga                   61 21 70 00

Lom:                       Åshild Myhre Amundsen        975 22 977

Vågå:                      Live Brimi                                  990 28 322

Sel:                         Torfinn Stenersen                    905 51 701

Dovre:                    Inge Angård                              915 20 863 

Lesja:                     Mats Heidsve                            917 33 693


 Foto: Martin Amble Ruge

Foto: Martin Amble Ruge

Prosjektleiar - Ida Amble Ruge

Ida Amble Ruge er prosjektleiar i Regionrådet, og arbeider med bulyst og tilflytting. Ho er utdanna samfunnsøkonom, og har tidligare jobba som seniorkonsulent i Oslo. Etter nesten femten år utanfor regionen vart saknet etter fjell, lang vinter og eit roligare tempo for stort. No har ho kapra draumejobben med å syne andre alt det Nord-Gudbrandsdalen har å by på. Viss ho ikkje tar telefonen, er ho truleg på fjellet utan dekning. Men ho ringer deg opp så fort ho kan!

 

 

 

Adresse 

Vi held til på Skansen 7, 2670 Otta. 

 

Lurar du på noko som helst? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss, så hjelper vi deg så godt vi kan! 


Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal

Det er Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal som driftar og er ansvarlege for denne sida. Regionrådet er eit interkommunalt organ som arbeider for næringslivsutvikling i Nord-Gudbrandsdal.  Trykk på logoen om du ønsker å veta meir om Regionrådet.