STILLINGSSLEPPET 11. DESEMBER 2018

170 ledige stillingar i Nord-Gudbrandsdal!

(Slit du med å sjå stillingane nedanfor? Om du er i Internet Explorer, kan det hjelpe å gå inn via ein annan nettlesar, for eksempel Chrome!)

Starte di eiga bedrift?

Om du ikkje finn den jobben du leitar etter, kan Nord-Gudbrandsdal vera ein eigna plass for å starte di eigen arbeidsplass. Og vi er veldig positive til nye bedriftar og idear!

Kommunane bistår deg i prosessen, og kan gje råd om kvar du kan søke om støtte. Det er og mogleg å søke om etablerarstøtte frå kommunane.

Lave boliglån og billige næringstomter kan gjere det enklare å få råd til å starte sitt eige selskap. God infrastruktur og kommunikasjon gjer det enkelt å selje produktet eller tenesten også utanfor Nord-Gudbrandsdal. 

Skåppå Kunnskapspark er etablert for å hjelpe deg i oppstarten eller vidareutviklinga av selskapet ditt.

Ta gjerne kontakt med Regionrådet eller kvar enkelt kommune for meir informasjon!


På leit etter kontorfellesskap?

Kanskje har du allereie di eiga bedrift, men ønsker å sitte saman med andre? 

Det er fleire hubar og kontorfelleskap i Nord-Gudbrandsdal, der du kan leie fulltids- eller deltidsplassar for ein rimeleg penge. Da får du sitte saman med andre arbeidsame og kreative hovud i regionen. Kven veit, kanskje det dukkar opp nye forretningsidear? 

Sjå her for oversikt over kontorfellesskap i Nord-Gudbrandsdal.

Bilder_web52 (1).png

KOM TIL OSS!

Nord-Gudbrandsdal byr på eit liv der du kan gjere det du helst vil, saman med dei du helst vil. 

Ønsker du eit liv i aktive lokalmiljø med Jotunheimen, Dovrefjell, Rondane, Breheimen og Reinheimen i din eige bakgard? Kom til oss, vi ønsker deg velkomen som ein Nord-Gudbrandsdøl! 


Bruk til sal i regionen



20160708-_OVE0192-Fb2048p-Fb960p.jpg

Folk

Lalm1.jpg

Kvardag

20180331-_OVE8018-Fb1920p-Fb960p.jpg

Fritid


 

Om regionen

Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk utgjer tilsaman regionen Nord-Gudbrandsdal. Vi er nesten 20.000 innbyggjarar, med eit areal på omlag 10.000 kvadratkilometer. Det er større enn høvesvis Oslo, Vestfold, Østfold, Akershus, Vest-Agder, Aust-Agder og Rogaland! Alle kommunane har sosiale og koselege lokalsenter med kafear, restaurantar, ulike butikkar og kulturtilbod.

Fordi vi er relativt få folk over store avstandar, samarbeider kommunane for å kunne gje innbyggjarane det beste tilbodet. Dette gjeld innan alt frå helse og skule til renovasjon og byggetilsyn.

Vi er stolte over regionen vår, folka som bur her og alt vi har å tilby. Vi er ivrige, arbeidssame, friluftsinteresserte og kreative.  Dugnadsånda lever sterkt, og det er nære relasjonar og tette band. Her møter du som regel på kjentfolk, om du er på butikken eller i skisporet. Vi håpar du vil bli ein del av det! 

Ønskjer du meir informasjon om kvar einskilde kommune, trykker du på dei ulike kommunevåpna. 

 Sel kommune

Sel kommune

 Skjåk kommune

Skjåk kommune

 Vågå kommune

Vågå kommune

 Lom kommune

Lom kommune

 Dovre kommune

Dovre kommune

 Lesja kommune

Lesja kommune


Lurar du på noko anna? Ikkje nøl med å kontakte oss om du har spørsmål! 


Følg @nordgudbrandsdal på Instagram



Bannerfoto: Ove Nestvold