Foto: Ove Nestvold

Foto: Ove Nestvold

Friluftsliv

Friluftslivet i Nord-Gudbrandsdal er suverent. Med dei fleste av Noregs høgste toppar, viddelandskap, fiskeelvar og verna område byr regionen på moglegheiter som få andre. Turane kan vera lavterskel for små og store, eller heftige og luftige turar for erfarne tinderanglarar. 

Vi har både tilrettelagde og ville og urøyrde teltplassar. Her har vi noko for kvar ein smak,  og vi har meir enn nok plass til alle.

Når dette i tillegg er ein stutt køyretur frå heime, er det enkelt å faktisk ta moglegheitene i bruk, istaden for at det berre blir med praten.