Foto: Martin Amble Ruge

Foto: Martin Amble Ruge

Frikøyring og toppturar

Nord-Gudbrandsdal har store frikøyrings- og toppturmoglegheiter.

Jotunheimen er sagnomsust for sine uendelege toppturmoglegheiter, på alle nivå. I tillegg er heile regionen proppfull av leikent skiterreng, både over og under tregrensa. Skisentera Lemonsjøen og Bjorli byr på leiken køyring utanom preppa løyper, og Dombås har morosam skogskøyring. Her er moglegheitane mange!

Vi har store og inkluderande skimiljø, mellom anna Trollhøe Høkkers og Dombås alpint- og snowboardklubb. Det gode miljøet i klubbane har resultert i stor aktivitet og gode køyrarar på både nasjonalt og internasjonalt nivå.