20180812_100814.jpg

Dag Aasheim - pensjonist, ivrig fiskar og ornitolog

Hei! Eg heiter Dag Aasheim, er 62 år og bur i Vågå. Her har eg budd heile livet med unntak av nokre år utanbygds for å skaffe meg utdanning. Eg har ein son og ei dotter, som begge har kome attende til Vågå etter utdanning og arbeid i Trondhim. Eg er mykje saman med barna og barnebarna mine.

Etter eg var ferdig utdanna innan skog og trelast, har eg arbeidd på Treteknisk Institutt, Langmorkje Almenning og til slutt Otta Sag og Høvleri AS. På sistnevnte arbeidde eg i 32 år. Nå har eg nettopp blitt pensjonist og rår meg sjølv – langt på veg.

Etter at eg vart pensjonist har eg hatt oppdrag for ei par bedrifter  som eg kjenner litt frå før. I tillegg er eg innom saga på Otta når det er behov for ekstra hjelp. Men det eg driv mest med er fisking. Eg er ivrig garnfiskar og nyttar alle høve til å fiske med garn. Eg er og aktiv i Vågå Historielag. Gjennom året er det nok Historielaget som tek mest av fritida mi. Til slutt kan eg nemne at eg er ivrig ornitolog. Vi er ein gjeng med «fugletittarar» i Norddalen som treffest av og til. Nå er det på gang eit par fugletårn i regionen!

20180819_090810.jpg

Det beste med å bu her er friluftslivet, i alle variantar. Det er lite stress, og ikkje dei store kravmentalitetane. Samstundes er vi midt mellom Trondheim og Oslo, og det er ikkje lange vegen til Vestlandet.

Eg har nesten heile livet budd i Nord-Gudbrandsdal, og slik vil det bli ut livet. Slekta mi på begge sider så langt eg kan rekkje er frå regionen. Eg er svært stadbunden, og har vanskeleg for å tru at eg kunne budd andre stader. Fjellet, fiskevatna og lokalhistoria eg er så knytt til gjer det utenkjeleg for meg å vurdera andre stader å bu.

Eg trur ikkje det er vanskeleg å treffe, og bli kjend med, nye og likesinna folk her. Fleire av innflyttarane eg kjenner har hatt suksess med dette, og har funne seg godt til rette. For foreldre med skulebarn møter ein jo ofte andre gjennom skulen og ungane sine arenaer. Om ein ikkje har ungar, er det sikkert ein fordel å finne seg ei nisje, og er open og tar del i lag eller foreiningar på ein audmjuk måte.

Nord-Gudbrandsdal er ein region med sterk nedgang i folketalet. Dette står det nok ikkje i vår makt å snu -sentralisering er ei internasjonal «kraft», som vi ikkje kan endra lokalt. Derimot kan vi kanskje utnytta posisjonen vi er i, som eit rekreasjonsområde for Osloregionen og Europa. Vi kan utnytte det vi er best på, og slik sikre tilstrøyming av folk og aktivitet til regionen vår.