I tillegg til det vanlege skuletilbodet, har Nord-Gudbrandsdal ein rekke andre utdanningstilbod: 

Opplæringskontoret.png

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken tilbyr læreplassar knytt til dei enkelte bedriftene. Det blir arrangert kurs og samlingar av fagleg karakter, det blir også organisert utflukter i naturen, og av og til studieturar. Arne Brimi er sentral i arbeidet, og lærlingane er velkomne til å skaffe seg unik praksis frå hans restaurant; Vianvang. Søknad om lærlingeplass kan sendast inn heile året og blir vurdert fortløpande.

Karriere oppland.png

Karriere Oppland, avdeling Gudbrandsdal på Otta, er eit karriere- og opplæringssenter for innbyggjarane i regionen. Karrieresenteret tilbyr: 

  • Karriere- og studievegleiing
  • Desentraliserte fag- og høgskuleutdanning.
  • Vidaregående opplæring for vaksne
  • Realkompetansevurdering

Karriere Oppland samarbeider med Studiesenteret.no, eit nasjonalt nettverk for utdanning og læring i Noreg. 

Nye esser i smia.JPG

Handverksskulen Hjerleid på Dovre  tilbyr praktisk retta årskurs i treskjæring og smiing, og har lærlingbedrift i møbelsnekkerfaget, treskjærarfaget og smedfaget. Skulen har ansvar for å sikre kunnskapen om desse gamle handverkstradisjonane. Dei har også mindre handverkskurs for barn, unge og vaksne.

Handverksskulen er eigd av to ideelle organisasjonar: Stiftelsen Norsk Kulturarv og Studieforbundet kultur og Tradisjon. Hjerleid er ein privatskule/friskule.