Foto: Avdemsbue

Foto: Avdemsbue

Anna Avdem - butikksjef på Avdemsbue

Hei! Eg heiter Anna, er 27 år og oppvaksen på garden Vetle-Avdem på Lesja. Eg jobbar som butikksjef på Avdemsbue, ein landhandel opprinnelig frå 1878 som satsar på norsk kvalitetsmat. 

Etter vidaregåande fløtte eg til Trondheim, der eg studerte økonomi på NTNU med fordjuping i marknadsføring og innovasjon. Da eg var ferdig der, fløtte eg heim for å starte Avdemsbue.  

Eg rakk ikkje å tenkje så mykje på det å fløtje heim da eg gjorde det, fordi det var så travelt. Det aller beste med å bu i Nord-Gudbrandsdal er at det er så mange som bryr seg.  Også er det så hyggeleg å vera på hels med dei aller fleste sambygdingar, det er noko ganske anna å gå på matbutikken her i forhold til i Trondheim f eks., der det ofte var kø og mange veik unna med blikket så fort du såg dei i auga.

Av og til skulle ein sjølvsagt ønskje at det fanst fleire tilbod her, men da eg budde i Trondheim var det på si side altfor mange valg. Av og til saknar eg likevel ein naturleg møtestad på kveldstid, så vi får sjå. Det spørst om Avdemsbue må ha kveldsope når vi får på plass kjøkken og toalett. Dessutan er det rimeleg kort veg til både Oslo og Trondheim. Toget går om du får behov for litt avveksling og meir urbane impulsar.

Jobben tek mykje tid, men eg prøver å prioritere og koma meg ut i naturen så mykje som mogleg. Den siste tida har eg skjønt kor godt det gjer, både fysisk og psykisk. I tillegg er eg med på amatørrevy, det er veldig artig! Deilig å gjera noko heilt anna av og til og møte andre folk og bli tvinga til å koble av frå Avdemsbue.

For nyinnfløtte trur eg ikkje det er vanskeleg å bli kjent med folk, du må berre møte dei der dei er. Finn ut kven som er naboane dine og hels på dei. Om du enten bankar på for å seie hei eller du møter dei på butikken, så er det alltid positivt at nye innbyggarar eller hyttefolk gjev seg til kjenne. Oppsøk idrettslag eller andre foreningar, og eg kan nesten garantere at du blir godt teken i mot. Bygda krev kanskje at du må ta litt fleire initiativ sjølv, om du vil at det skal skje noko. Det er nok ein tilvenningsprosess for mange, men eg trur eigentleg at det er sunt.

 Foto: Privat

Foto: Privat


Har du spørsmål til Anna om livet i Nord-Gudbrandsdal? 

Telefon: 9518 3026  Mail: avdemsbue@avdem.no