Natur og kultur


I kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja i Nord-Gudbrandsdale bur det omlag 20 000 menneske. Vi ønskjer næringsliv, tilflyttarar og turistar velkomne til variert kultur- og næringsliv, gode kommunale tenestetilbod og unike naturopplevingar. 

Vi har ein imponerande fjellheim tett på med heile 6 nasjonalparkar i vår region - ein konsentrasjon av nasjonalparkar som er unik i internasjonal sammanheng. Her ligg Noregs høgaste fjell, Galdhøpiggen 2469 moh, og vi har ca 290 av landet sine ca 350 toppar over 2000 meter – mange passar for ein familietur, andre byr på utfordringar for fjellklatrarar.

Les meir om nasjonalparkane og aktivitetar på http://www.nasjonalparkriket.no.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk GermanSpråk Dutch - Nederlansk
Dovre Snø -7
Lesja Snø -7
Lom Snø -2
Sel Snø -7
Skjåk Snø -2
Vågå Snø -4